Følg Politihøgskolen

Nyutdanna politi får jobb - truleg noko lengre ventetid

Pressemelding   •   aug 30, 2016 12:22 CEST

FRAMLEIS GODE UTSIKTER: Trass signal om stram økonomi i distrikta, og kanskje noko meir ventetid, det er framleis lyse jobbutsikter både for studentane som gjekk ut i 2016 og i årene før. Illustrasjonsfoto

2. kvartal 2016 var nær 60 % av kullet som gjekk ut til sommaren i jobb i etaten, viser ferske tal frå Politidirektoratet. 2. kvartal 2015 var delen i jobb 66 %.

Dette er den fyrste målinga for 2016-kullet, og inneheld sommarvikariat. Det gjer også oversikta for 2. kvartal 2015, og dette er derfor tal som måler det same. Over fleire år har ein stor del nyutdanna kome relativt raskt i jobb, men det er no nokre signal på at jobbmarknaden kan vere noko tregare.

Stillingar kjem
I tidlegare år har sommarvikariat blitt avløyst av høvet for å søkje på 350 nye stillingar, oppretta spesielt med tanke på nyutdanna politi. Rapporter frå politidistrikta i 2016 tyder på at det har vore færre sommarvikariat, og at distrikta ventar med å kunngjere og tilsetje i både nye og andre ledige stillingar, grunna stram økonomi. Men, også i år skal dei 350 nye stillingane kome i løpet av hausten, det er sat av eigne midlar til dette.

I dei siste årene har delen nyutdanna med stilling i politiet auka jamt gjennom året - og fram til følgjande sommar. Det er, trass erkjent stram økonomi i etaten, venta at det same vil skje og i 2016. Men det kan vere at fleire enn tidlegare må vente noko lengre for å kome i jobb.

Målingane for 3.kvartal og ved årsskiftet vil gi eit klarare svar på dette, då kan det samanliknast med tidlegare år, på same tid.

Tala for dei andre store kulla, som gjekk ut i 2015, 2014 og 2013 viser framleis at 95 - 97 % er i jobb i etaten, og at delen i fast jobb aukar. For kulla som gjekk ut i 2013 og 204 er delen i fast jobb kvar for seg nær 95 og 87 %, her det ein liten auke for begge kulla frå 1. kvartal 2016.

For 2015-kullet er delen i fast jobb 52 %, i 1. kvartal 2016 viste oversikta at delen i fast jobb var 40 %, ein rikeleg positiv auke.

2 pr. 1000 innbyggjarar

Dekningsgraden, altså tal politifagleg tilsette i distrikta pr. 1000 innbyggjar, er stabil på 1.58 frå 2. kvartal 2015 og til og med 2.kvartal 2016, men ikkje medrekna sommarvikariat. Auken i talet på politifaglege tilsette er stoppa noko opp så langt i 2016. Fleire nytilsetjingar, og at fleire ledige stillingar blir fylte utover året, kan føre til at dekningsgraden fortset å auke som den har gjort dei siste åra. På eitt år har dessutan folketalet i Noreg auka med nesten 50.000 innbyggjarar. Begge deler påverkar kor mykje dekningsgraden aukar, målet er som før 2 politifagleg tilsette pr. 1000 innbyggjarar i 2020.

Tal politifagleg tilsette i etaten har auka dei siste årene, og målepunkta for både 3. kvartal og 4. kvartal i 2016 vil vise om auken fortset, og kvar stor den eventuelt blir.

Politidirektoratet har lagt ut statistikken for 2. kvartal 2016, her finn du også statistikken for 1. kvartal - og tidlegare år

Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten, med eit eige styre som øvste organ. Politihøgskolen høyrer inn under Politidirektoratet og har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten. Politihøgskolen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine. Politihøgskolen har fire studiestader: Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern.

Målet for Politihøgskolen er å utdanne sjølvstendige og reflekterte polititenestemenn og -kvinner, og som politi er det naudsynt å ha eit medvite forhold til eigne haldningar og til eigne val i det daglege arbeidet.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar