Følg Politihøgskolen

Norske avhøyrsmetodar blir internasjonale

Pressemelding   •   okt 27, 2016 12:41 CEST

GLOBAL STANDARD: Nyleg tilrådde FN sin spesialrapportør mot tortur FN si generalforsamling å opprette global standard for politiavhøyr.

Nyleg tilrådde FN sin spesialrapportør mot tortur FN si generalforsamling å opprette globale standard for politiavhøyr. Standarden har utspringet sitt i Noreg.

Norsk politi har gått frå å ha store utfordringar med avhøyrsmetodar til å bli verdsleiande på feltet. Noreg var eit av dei fyrste landa i verda som utførde ein snuoperasjon frå skuldande til informasjonsinnsamlande avhøyrsmetodar. I eit internasjonalt perspektiv er Noreg såleis med å leie an i den globale utviklinga - frå tilståingsfokuserte «Interrogations» til forskingsbaserte «Investigative Interviewing». Metoden, som opphavleg ble utvikla i britisk politi, heiter på norsk K.R.E.A.T.I.V. og blei innførd i norsk politi på 2000-talet.

Nyleg tilrådde FN sin spesialrapportør mot tortur FN si generalforsamling å opprette global standard for politiavhøyr. Spesialrapportøren hadde invitert Asbjørn Rachlew, forskar ved Norsk senter for menneskerettar (SMR) og ein av Noregs leiande avhøyrsekspertar, til å dele erfaringar frå norsk politi i FN 19. oktober. Saman med Rachlew var doktorgradsstipendiat Ivar Fahsing og seksjonsleiar ved etter- og vidareutdanning, Ivar Husby, frå Politihøgskolen.

En milepælFahsing og Husby kallar spesialrapportøren sin rapport «ein milepæl» i arbeidet mot tortur under avhøyr.

- Det er berre å gratulere kvarandre med at alt arbeidet, som har vore nedlagt gjennom fleire år av alle gode krefter, no er blitt så synlegjort og lyftet fram. At det no har blitt avhalde ein «side-event» under generalforsamlinga i FN, er ytterlegare inspirerande, seier Husby.

Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten, med eit eige styre som øvste organ. Politihøgskolen høyrer inn under Politidirektoratet og har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten. Politihøgskolen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine. Politihøgskolen har fire studiestader: Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern.

Målet for Politihøgskolen er å utdanne sjølvstendige og reflekterte polititenestemenn og -kvinner, og som politi er det naudsynt å ha eit medvite forhold til eigne haldningar og til eigne val i det daglege arbeidet.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar